mandag 19. mai 2008

Førebuing eksamen skriftlig.


Idag har eg førebuing, imorgon har eg eksamen. Eg får rett og slett ikkje konsentrert meg, det er så masse bråk her i klasserommet idag. Kanskje det er litt min feil også, eg har dukke to cola, så har litt sukker i blodet. Eg er glad eg kom opp i engelsk, hadde faktisk ikkje trudd det skulle bli så kjekt som det er å førebu seg, det er faktisk (heldigvis) mykje kjekkare enn kva eg trudde. Til no har eksamen hatt ei posetiv innvirkning på meg, og eg trur det kjem til å gå mykje betre enn eg trudde det skulle.
Kanskje fordi eg har fått gjort som eg vil, jobba sjølv og kosa meg med musikk mens eg har jobba. Tekstane er på nettet, og vi får høyre dei som ei "lydbok", noko som er veldig lærerikt og utruleg kos! Eg føler meg nesten liten igjen, sidan eg høyrer på tekstane. Det er herleg, for då føler eg meg ikkje så anspent og gruar meg ikkje like mykje til eksamen. Det er utruleg avslappande! No skal eg heim, så skriv eg nok sikkert seinare, eller i morgon om korleis eksamen har gått.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er dødskul som kommentera!