fredag 7. november 2008

Åjjaaadå

Åherregud det er lenge sidan eg har skreve her!
Vel, får vel begynne så smått igjen då:)
Begynne med oppsummering av dagen kanskje? La oss sjå..Eg stod som vanlig opp kvart
på 7, reiste på skulen og hadde gymprøve i to tima. Ganske jævlig egentlig, for den var lang og vanskelig! Eg satt begge timane, endå eg brukar å vere ein av dei som går ein halvtime før. Korleis den går har eg ikkje peiling på, ikkje den minste aning. Etter denne gymprvøa hadde eg eit fortent friminutt på ein halv time, før det var av stad igjen for endå meir teori. Eg var drittlei, og hadde eit lite håp om at vi faktisk skulle gjere noko kjekt i dei siste tre timane, men neida. Den usedvanleg kjedelige læraren vår stod og prata om feitt, altså i mat. Så no kan dåke tenke dåke til korleis resten av den dagen var ja!
Då eg kom heim åt eg middag, for så å reise tilbake til Førde igjen før trening. Eg og mamma gjekk i garasjen for å køyre, då eg kom på at eg kunne jo spørre berre på moro om eg kunne få køyre. Og eg fikk faktisk eit ja! Første gangen eg køyrer bil med mamma, og med den jævlighakketepågassen bilen hennar. Men det gjekk faktisk veldig fint, og mamma var faktisk utruleg nok roleg. Når eg kom meg til Førde og gjekk ut av bilen såg eg på telefonen, der eg hadde fått ei melding det stod at hallen var stengt og det ikkje var trening. Eg veit ikkje om eg vart glad eller sur. Kanskje glad fordi eg var veldig trøtt og ikkje hadde orka så masse. Men eg var ganske sur fordi eg fikk den meldinga etter eg køyrte heimeifra, dvs under 20 minutt før eg var der. Eg køyrte heim og satt å snakka med mamma. Ho skulle på nattevakt, så ho fann ut at ho kanskje skulle sove litt. Ho gjekk å la seg mens eg redigerte bilder og passa på brødrene så dei ikkje skulle begynne å krangle. Ho stod opp igjen halv 9, og heile den tida ho var sove som var 6 til halv 9 har eg redigert bilder. Så har fått redigert eit par ja. Då kom Hallvar ned, og sidan han har blokkfløyte på skulen måtte han øve. Og gjett kven som spelte ilag med han på si 11 år gamle blokkføyte? Jo det var meg. Vi satt der og spelte, og eg kjente igjen mange av sangane han skulle øve på. Det var nesten litt moro.
No gjekk gutane på badet for å stelle seg og legge seg, mamma hadde reist så no passa eg dei igjen. Dei gjekk og la seg, og eg hang opp og bretta sammen kle mens eg høyre på musikk på iPoden og sang. Når eg var ferdig begynte eg å danse, og eg har dansa til no. Det er skikkelig herlig å danse, ingen ser på, og ein kan utrykke følelsar på ein heilt spesiell måte.

Idag har eg og Viljar 5 mnd. Eg syns tda virkelig går fort, skummeltå tenke på! I morgon skal eg på hytta til Viljar og dei og overnatte til sødnag, det blir herlig det! Helg med gutten min:)

Her er nokon av bilda eg redigerte







Sidan eg begynte å danse i stad betyr det at klekorga med dei sammenbretta klea fortsatt står på golvet, så eg får vel gå å legge dei på plass. Skal skrive meir snart, lova nesten!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er dødskul som kommentera!