torsdag 5. februar 2009

fri, men ikkje fri

Idag er det torsdag, og også siste dagen i veka. Ååhjaah, det blir herlig med langhelg!
Eg skal stå opp seint, ete grandiosa pepperoni til frukost, ta ansiktsmaske og hårkur, og deretter dusje. -Det blir deilig!
Sidan eg er aleine heime i morgon til 3 blir det nok høg musikk i heile huset, mmmm!
Har planlagt denne dagen sidan søndag, og gått å gleda meg heile veka. For ei lang veke, fordi om eg berre har fire daga. Kanskje derfor den er så lang? - Fordi er gledar meg?

Dagen på fredag var så godt som perfekt. Hadde planlagt daletur i 1-3 tida.
-Det var då eg kom på det. Faen, tenkte eg. Eg hadde heilt gløymd at eg har kamp på fredag 17.30. Søren, den perfekte helga var ikkje så perfekt lenger.

Då kom Viljar med ein idè. Han kunne jo komme til meg på fredag når han var ferdig på skulen, og vere med på kampen som er i Førde.
Og eg tenkte, ja, kvifor ikkje? Så blir det bra på fredag om kampen går vegen, noko den forhåpentligvis gjer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er dødskul som kommentera!